Et kompetansesenter på strategisk og
operativ rådgivning innen kostnadsstyring
norskenglish

Høyring om løns- og arbeidsvilkår

FAD har send ut på høyring framlegg til endringar i forskrift om løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar. Høyringsfrist er 30. september.

I juli 2009 opna ESA sak mot Noreg, då dei meiner forskrift 8. februar 2008 nr. 112 om lønns- og arbeidsvilkår i offentlige kontrakter er i strid med EØS-avtalen. Saka er enno ikkje avgjort.

For å vera føre var, og for å retta opp uklare punkt i forskrifta, har FAD no sendt framlegg til endringar ut på høyring. Aktuelle endringar har vorte drøfta med partane i arbeidslivet før saka har gått ut på høyring.

I hovudsak føreslår FAD endringar av fire forhold:
  1. Forskrifta sitt verkeområde vert føreslått innskrenka. Gjeldande forskrift omfattar bygge- og anleggskontraktar og alle tenestekontraktar. Framlegget er å avgrensa tenesteområdet, slik at berre sektorane reinhald, helse og omsorg, transport og hotell og restaurant vert omfatta.
  2. I gjeldande forskrift er det krav til at oppdragsgjevar skal stilla krav om gjengs løns- og arbeidsvilkår. For å presisera kva løns- og arbeidsvilkår det er obligatorisk å stilla krav til, er det føreslått å avgrensa dette til minstekrav om arbeidstid, løn og dekking av reise, kost og losji. Den nye opplistinga vert uttømande. LO meiner lønsomgrepet også må inkludera ulempetillegg og overtidsbetaling. Unio meiner kravet også bør dekka reglar om sjukeløn, løn under fødselspermisjon, ferierettar og pensjonsrettar. For område som er dekka av tariff tilgjengeleggjort etter almenngjøringsforskriften gjeld tariffen etter denne.
  3. Det er framlegg til krav om konkret opplisting av minstekrav i kunngjering eller konkurransegrunnlag. Arbeidstilsynet får ansvaret for å opplysa om kva vilkår som ver lagt til grunn.
  4. Gjeldande forskrift omfattar også arbeid utført i utlandet. Dette er føreslått oppheva.   

Høyringsbrevet er lagt ut på FAD sine nettsider.

Publisert: 5. juli 2010
© Firstventura AS