Betre inkludering av små og mellomstore bedrifter
Fornyingsministar Rigmor Aaserud tok til orde for betre inkludering av små og mellomstore bedrifter i ein tale i Tromsø 27. juni.
I talen orienterte statsråd
Rigmor Aaserud om NHD er i ferd med å utarbeida ein eigen strategi for små og
mellomstore bedrifter. Dette skjer som oppfølging av innovasjonsmeldinga frå
2008. Betre inkludering av desse bedriftene ved offentlege innkjøp vart lansert
som ei viktig strategisk satsing.
Innanfor det
eksisterande innkjøpsregelverket presiserte statsråden særleg seks tiltak for
betre inkludering av små og mellomstore bedrifter:
- Opning
for deltilbod på kontraktar og unngå samanslåing av enkeltkontraktar til store
kontraktar.
- Ein bør unngå
unødvendig strenge krav til finansiell og teknisk kompetanse hos leverandørane.
- Oppdragsgjevarar
kan gje betre tilgang til informasjon om mindre kontraktar, bl. a. gjennom
fleire friviljuge kunngjeringar på Doffin.
- Auka bruk
av rettleiande kunngjeringar.
- Bevisst
bruk av rimelege og balanserte kontraktsvilkår.
- Leverandørutviklingstiltak
for å gjera små og mellomstore bedrifter i stand til å samarbeida for å
konkurrera om større kontraktar, t.d. der det er samarbeid på
oppdragsgjevarsida.
Aaserud poengterte vidare
at det ikkje er regelverket som avgrensar små og mellomstore bedrifter sitt
høve til å delta i offentlege konkurransar, men oppdragsgjevarar sin evne til å
sjå og nytta handlingsrommet som ligg i regelverket for tilpassing av
konkurransane.
Heile talen kan du lesa her.
Publisert: 10. august 2011